Snarveier til viktige sider

Midt-Telemarksamarbeidet

Samarbeid Nome kommuneBø kommuneSauherad kommuneMidt-Telemarkrådet

Rutetider

Interkommunalt samarbeid

Kultursider

Andre tjenester på nett

Nytt fra NRK Telemark

   
Informasjon Publisert 16.05.2012
Skum i fontena

I dag til tidleg vart kommunehusets tilsette og dei som kjørte gjennom Bø-gata, møtt av ei skumlagt fontene på Bø torg. Russen hadde signera rabatten mot gata. Der sto det: "Sorry for party rock. Russ 2012".
Vi takkar for orsakinga, men arbeid med oppryddinga etterpå og ei pumpe som har gått fløyten, gjer at det nok ikkje er tilstrekkeleg.

Informasjon Publisert 16.05.2012
Ny flaggstong

Bø torg har fått ny, fin flaggstong. Montert i dag, 16.mai, og blir innvigd på nasjonaldagen!

Informasjon Publisert 07.05.2012

Bø kommune har inngått avtale med Kompetansesenter rus - region sør, Borgestadklinikken om å bli ein pilotkommune som skal driva ansvarleg alkoholhandtering som ein del av Bø kommune sitt rusførebyggjande arbeid.

Bø kommune har søkt og fått tildelt stimuleringsmidlar til arbeidet.  Det er det gode samarbeidet vi har med bransjen gjennom Skjenkeforum, eit forum for kontakt mellom Bø kommune og skjenkestadene i Bø kommune, som la grunnlaget for at kommunen vart godkjent som ein "Ansvarleg alkoholhandterings" kommune.  Bø Skjenkeforum vart oppretta den 30.11.2010, og er sett saman av fylgjande representantar:
Ytterlegare opplysningar følgjer ....


Informasjon Publisert 18.04.2012
Breisås Syd -endring 2012

Plankontoret Hallvard Homme AS varslar på vegne av Midt-Telemark Entreprenør AS at det vert det sett igang reguleringsendring av området B7 og B8 i Breisås syd. For meir informasjon sjå annonse.

Informasjon Publisert 18.04.2012
gymnasbakken_11.jpg

Plankontoret Hallvard Homme AS varsler på vegne av Arntzen og Hynne Eiendom AS at det vert sett i gang regulering av eigedomen Gymnasbakken 11. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for leilighetsbygg og køyretilkomst til eigedomen. Frist for merknader er 31.5.12.

Informasjon Publisert 11.04.2012
Sigmundstadgården

Forslag til reguleringsplan for Sigmundstadgården er ute til offentleg ettersyn med frist for uttale 24.5.12. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for utviding av eksisterande forretningsbygg langs Folkestadvegen med areal til forretning, kontor og parkering.

Informasjon Publisert 10.04.2012
Autohuset

I medhald av plan- og bygningslova §12-10 har hovudutval for plan, teknikk og næring i møte 28.02.12, sak 034/12 vedtatt å legge detaljplan for Autohuset Bø AS ut til offentleg ettersyn.

Informasjon Publisert 31.03.2012
Merethe Lindstrøm
Programmet for Bøker i Bø 4-5 mai er nå ute, og det er svært gledeleg å kunne presentere eit sterkt forfattarlag toppa med dei to ferske prisvinnarane Merethe Lindstrøm, vinnar av Nordisk Råds Litteraturpris, og Lina Undrum Mariussen som nyleg blei tildelt Tarjei Vesaas Debutantpris. 

På plakaten dette første året finn du også m.a. Dag Solstad, Øivind Hånes, Anne Oterholm, Marita Fossum, Mona Høvring, Hanne Ørstavik, Ingrid Z. Aanestad, Inger N. Bråtveit, Chenjerai Hove, Agnes Ravatn, Audun Vinger, Leif Høghaug, Vidar Sundstøl, Marta Norheim, Aina Villanger, Bjørn Esben Almås, Bård Torgersen, årets forfattarstudentar og Telemark strykekvartett.
Informasjon Publisert 21.02.2012
Veslefrikk med fela i Gullbring

Her kan du lese meir om fristar og retningsliner for kulturmidlar, kulturfondet og spelemidlar til idrett og anlegg 2012.

   

Kontaktinformasjon

Kommunehuset Bøgata 67 Postboks 83
3833 Bø i Telemark
Telefon
: 35 05 90 00

Faks
: 35 05 90 09
Org.nr.
: 962 276 172

Opningstider

Kommunehuset og Teknisk eining (Bekkevold): 09:00 til 15:00

Skriftstørrelse

a - a - a

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Levert av ACOS AS
Webredaktør Svein Bj. Lerum